Levd liv 2015
Årsskriftet til Ulstein Historielag, Levd liv, ligg føre. I årets utgåve er krigen og fredsdagane eit viktig tema. Men her er også fersk historie: Den såkalla Trekantsaka var avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik.
I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i Trekantsaka i Ulstein, eller Tre-i-eitt-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik? Alt dette og mykje meir kan du no lese om i artikkelen som også er rikt utstyrt med bilete av dei mange aktørane i saka.
Levd liv 2015 er på heile 180 sider og rommar 15 artiklar, alle saman illustrerte med bilete.
Innhald:
- Trekantsaka – avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik
- Song- og musikklivet på bedehuset
- Kvernhusa på Flø
- Historia om Inga Ulstein
- Kvernhuset og Dragsundraidet
- Flukta over havet
- Porsanger – Ulstein tur – retur
- Ulsteinkvinne minnest oppbyggingsåra i Finnmark
- Historia om Peder F. Waage
- Fløgut med krigsinnsats og lokalt engasjement
- Krigen og fredsdagane i Ulstein
- Skuleplass og talentfabrikk
- Straumane Handelslag
- Fiskebåtar frå Hasund og Dimnøy på 1900-talet
- Nokre barndomsminne